
neven til far min er varsam og stø
som før då han bar meg på armen
han bygde ein grunnmur og sådde eit frø
eg ber alltid med meg den varmen
lyden av far min er tøflar og jazz
i bringa ei duvande røyst
far min har tid nok og fanget har plass
til den som treng omsut og trøyst
augo til far min som såg etter sau
såg og mine snublande steg
me fann heile flokken, og ein som var daud
og fekk dei heim, far min og eg
ryggen til far min har bore si bør
og krøkt seg mot uår og vind
pusten til far min har blåse på glør
og neven har vinka oss inn
rommet til far min er kjølig og stilt
eg kraup under far min sitt pledd
skjegget til far min kjendest så mildt
mot kjaken min når eg var redd
skoa til far min er store å fylla
dei trødde på krevjande land
om eg fekk velja frå øverste hylla
så skulle eg vera som han
sjela til far min er gamal og grå
og levande ung som ein blome
sjela til far min skal stiga og sjå
sin skapar når tida er omme
sjå bandet og blodet som held oss i lag
frå far min til meg og til mine
når natta er kald, når det lysnar av dag
sjå her far, her står alle dine
Så fint!!
Fantastisk vakkert. So dyktig du e til å setta ord på kven pappa e. So stolt av deg vetlebror. Og so veldig stolt av pappa.
VAKKERT!
Digg å lese noe av Funky Uncle igjen. Det har vært savnet.
I likhet med fyren sjøl.