Eg klarte ikkje skriva ein tale til bryllaupet, men fekk klemt ut eit dikt i staden, and it goes a little like this:
når eg klarar livet utenat
på kryss og tvers og langs
og når eg ikkje klarar nokon ting
og slåss imot min angst,
då er du min
på kryss og tvers og langs
og når eg ikkje klarar nokon ting
og slåss imot min angst,
då er du min
når eg veit at du er det beste eg kunne hatt,
då eg vakna i dag tidleg og når me legg oss att i natt,
då er du min
då eg vakna i dag tidleg og når me legg oss att i natt,
då er du min
mange er snille og mange er pene
men du er min kjære vakre vene,
så endelaust blinkande fin,
du er min
men du er min kjære vakre vene,
så endelaust blinkande fin,
du er min
eg har kje fine titlar og eg gjer deg ikkje rik
eg er den eg er og du vil visst ha meg slik,
du er min
eg er den eg er og du vil visst ha meg slik,
du er min
om dagane vert tunge
og om me får ein unge
og om eg vert så sjuk at eg hostar opp ei lunge,
då er du min
og om me får ein unge
og om eg vert så sjuk at eg hostar opp ei lunge,
då er du min
du er min beste grunn til å leva
mellom alt som rauk og brast,
du er tusen sterke nevar som held meg ganske fast,
du er min
mellom alt som rauk og brast,
du er tusen sterke nevar som held meg ganske fast,
du er min
når du vekkjer meg med kaffi
og eg vekkjer deg med snork,
når eg ikkje gidd å stå opp fordi allting er eit ork,
då er du min
og eg vekkjer deg med snork,
når eg ikkje gidd å stå opp fordi allting er eit ork,
då er du min
når me ein gong ser attende på det som skjer i dag
og når me deler ein rullator etter hundre år i lag,
då er du min
og når me deler ein rullator etter hundre år i lag,
då er du min
når eg får stryka deg i håret
og turka bort ei tåre
og bita deg i øyra mens eg klyper deg i låret,
då er du min
og turka bort ei tåre
og bita deg i øyra mens eg klyper deg i låret,
då er du min
du er min, du er min
i regn og i vind,
i alt som blæs bort og forsvinn
står du att og ventar på kjærasten din,
du er min
i regn og i vind,
i alt som blæs bort og forsvinn
står du att og ventar på kjærasten din,
du er min
når eg stotrar og tykkjer det er litt vanskeleg
å finna ord som seier kor glad eg er i deg,
då er du min
å finna ord som seier kor glad eg er i deg,
då er du min
så lenge du vert elska, så lenge du kjem fyrst,
så lenge eg er god for deg og så lenge du har lyst
er du min
så lenge eg er god for deg og så lenge du har lyst
er du min
så lenge eg har pust og så lenge eg har vett
vil eg ropa ut til alle at du er min Elisabeth,
du er min
vil eg ropa ut til alle at du er min Elisabeth,
du er min

