på kryss og tvers og langs
og når eg ikkje klarar nokon ting
og slåss imot min angst,
då er du min
då eg vakna i dag tidleg og når me legg oss att i natt,
då er du min
men du er min kjære vakre vene,
så endelaust blinkande fin,
du er min
eg er den eg er og du vil visst ha meg slik,
du er min
og om me får ein unge
og om eg vert så sjuk at eg hostar opp ei lunge,
då er du min
mellom alt som rauk og brast,
du er tusen sterke nevar som held meg ganske fast,
du er min
og eg vekkjer deg med snork,
når eg ikkje gidd å stå opp fordi allting er eit ork,
då er du min
og når me deler ein rullator etter hundre år i lag,
då er du min
og turka bort ei tåre
og bita deg i øyra mens eg klyper deg i låret,
då er du min
i regn og i vind,
i alt som blæs bort og forsvinn
står du att og ventar på kjærasten din,
du er min
å finna ord som seier kor glad eg er i deg,
då er du min
så lenge eg er god for deg og så lenge du har lyst
er du min
vil eg ropa ut til alle at du er min Elisabeth,
du er min